Kampoppsett for Kongleriket Turneringa er klar

Fyrstkomande helg, nærmara bestemt søndag 14.juni, vert den andre Kongleriket Turneringa arrangert. Denne dagen er det Tambar Fotball som inviterer fotballspelarar i alderen 6-10 år til ein flott fotballdag på Naustdal stadion.

Er vi like heldig som tidligere år, kjem også finværet på stadion denne dagen, der heile 72 lag fordelt på klubbane Svelgen, Florø, Eikefjord, Kvammen, Førde og Tambarskjelvar skal spele fotball frå kl.10.00.

Med alle dei påmeldte laga, vil nærmare 600 fotballglade gutar og jenter sette sitt preg på stadion denne dagen. Og med trenere, foreldre, søsken og andre tilstades på søndag, vil det nesten bli «stinn brakke» rundt kunstgrasbane.

Som vanlig vil det bli salg av frukt og andre sunne produkter i kiosken. I tillegg vert det salg frå salgstelt med nysteikte lapper, pizzabrød, kaffi og anna godt.

Vi ynskjer alle velkommen til ein flott fotballdag på Naustdal stadion.

KAMPOPPSETT Kongleriket Turneringa: https://drive.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYdkg2cExMZXpIdXM/view?usp=sharing

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse