Klart for årets første Kongleriket Turnering

Årets fyrste Kongleriket Turnering vert arrangert søndag 10.mai, der Eikefjord er arrangør.

Kongleriket Turneringane vert arrangert fire gonger i sesongen, to om våren og to til hausten. Turneringa er for jenter og gutar 6-10 år.

Det vert oppmoda til å stille reine jente- og guteklasser så langt det let seg gjere.
Tambarlaga melder på lag til leiar Bjørn Hundershagen INNAN 30.april.

Tambarskjelvar Fotball arrangerer Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion 14.juni. Dei to turneringane på hausten vert arrangert i Florø 30.august og Førde 27.september.

Invitasjonen frå Eikefjord finn du her: https://drive.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYT21YeUxCVFBfMm8/view?usp=sharing

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse