Bilder frå helgas Best Tambar Cup

Foto: Øystein Ullaland

Tambar Fotball leverte nok ein gong ein flott fotballhelg i Naustdalshallen, då den andre Best Tambar Cupen gjekk av stabelen denne helga.
Med heile 42 lag påmeldt, i alderen 10-12 år, måtte arrangøren utvide cupen frå ein til to dagar for å få med alle laga som ynskja å være med.

Tambar Fotball har fått gode tilbakemeldingar frå dei gjestande laga om at dette var kjekt å være med på. Med fire kampar på alle lag, premier til alle deltakarane og fotografering av laga, virka det i alle fall som spelarane var nøgde då dei forlot Naustdalshallen.

Under helgas cup har Øystein Ullaland knipsa mange flotte bilder, blant anna lagbilder av deltakarlaga. I link under kan du klikke deg inn og sjå dei, i tillegg til ein del bilder frå nokre av kampane.

LAGBILDER (Foto: Øystein Ullaland): https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/BestTambarCup2122Mars2015

BILDER FRÅ KAMPAR (Foto: Øystein Ullaland): https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/BestTambarCup21220315Kamp

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse