Infoside om Bendit Cup Naustdal

Tambarskjelvar Fotball er nok ein gong plukka ut til å arrangere Bendit Cup, blant mange søkarar til denne populære cupen. Dermed vert det åttande gongen på rad at vi fyller opp Naustdal stadion med speleglade gutar og jenter to dagar til ende.

Dei siste åra har Bendit Cup Naustdal hatt påmeldingar frå om lag 100 lag, fordelt på to dagar. I fjor passerte vi hundre lag, og det vert då rimeleg tett med både fotballspelarar og publikum dei to dagane dette varer.

For å få ein ryddigare oversikt, har vi no laga ei heilt ny infoside for Bendit Cup Naustdal. Her finn du siste nytt om Bendit Cup, info om cupen, bilder frå tidligare Bendit Cup på Naustdal stadion og påmeldingsskjema.
Påmeldingsskjema for Bendit Cup Naustdal 2015 er enno ikkje klart.
Nettadressa til Bendit Cup Naustdal er benditcupnaustdal.info og du kan klikke deg rett inn på den på linken under.

Bendit Cup Naustdal: http://www.benditcupnaustdal.info/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse