Jentene til Tore spelar om KM tittel i helga

Begge jentelaga frå Tambar Fotball som spela KM-kvalik innandørs for om lag ein månad sidan, kvalifiserte seg til helgas KM-sluttspel i Trivselhagen på Sandane.

Og det vert nokre travle dagar for Tore Personbråten, som er trenar for begge jentelaga. Tambar sitt jentelag, J15, spelar sine kampar på lørdag, medan det andre jentelaget, J14, skal i aksjon på søndag.
Dermed vert det mykje farting på trenaren denne helga, men vi trur det kan være verdt turane til Gloppen, for det er gode lag han har med seg og som kan bite godt ifrå seg blant dei beste laga i fylket.

Vi ynskjer både laga og trenaren lukke til med kampane i helga.

LIVE oppdatering frå helgas KM-sluttspel finn du her:
LØRDAG:http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1410965&CatId=1009572
SØNDAG: http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1410974&CatId=1009572

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse