Tambar Fotball kan også i år invitere til Bendit Cup

Tambar Fotball er nok ein gong plukka ut, blant mange søkarar, til å arrangere Bendit Cup. Dermed blir det åttande året på rad denne populære cupen går av stabelen på Naustdal stadion. Fyrste gong fotballgruppa i Tambarskjelvar arrangerte Bendit Cup, gjekk kampane på grusbana på stadion, i 2007.

Som sagt er det stor pågang frå klubbar som ynskjer å arrangere denne flotte cupen. At Tambar Fotball på ny har blitt arrangør, beviser at klubben har gjort mykje rett når dei har gjennomført denne fotballfesten på stadion.

Dato for årets Bendit Cup i Naustdal er enno ikkje heilt spikra, men mest trulig vert det ei helg i august/september. Både dato og meir info, samt påmelding, kjem vi tilbake til så fort det er klart.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse