Best Tambar Cup for klassene G/J 10-12 vert arrangert 21.mars

Tambar Fotball arrangerer sin andre innandørsturnering for året, når dei lørdag 21.mars inviterer til nok ein Best Tambar Cup i Naustdalshallen.

I slutten av januar gjekk Best Tambar Cup for gutar og jenter i alderen 13-16 år av stabelen. Denne gongen er det dei yngre klassane som får sjansen til å være med på ein kjekk fotballdag i hallen. Gutar og jenter i alderen 10 til 12 år vert invitert til å delta, i klassane Gut 10/11, Gut 12, Jente 10/11 og Jente 12.

Best Tambar Cup nummer to vert gjennomført i løpet av ein dag, medan cupen for dei eldste gjekk over to dagar. Dermed er det også denne gongen begrensa kor mange lag som kan delta, og arrangøren ber laga som vil være med, melde seg på snarast for å sikre seg plass.

For meir info og påmelding, sjå link under.

Les mer: Tambar Cup2 2015


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse