Jentelaget vidare til KM-sluttspelet

Dei reiste ikkje forgjeves, jentelaget som måtte ta turen heilt til Deknepollen for å spele KM-kvalik i dag. Og sjølv om laget fekk ein dårleg start på kvalifiseingskampane med tap 0-3 mot Tornado/Måløy i sin fyrste kamp, kom laget til trenar Tore Personbråten sterkt tilbake utover dagen.
Så bra vart det, at jentene frå Tambar/Eikefjord avslutta dagen i Nordfjordhallen med finale mot Eid. Sjølv om det vart eit 0-3 tap mot Eidjentene, er Tambar/Eikefjord vidare til KM sluttspelet i mars.

Resultat J15:

Eid-Jølster 3-0
Tornado/Måløy-Tambar/Eikefjord 3-0
Jølster-Tornado/Måløy 0-2
Tambar/Eikefjord-Eid 3-2
Eid-Tornado/Måløy 5-0
Tambar-Jølster 3-0

Finale: Eid-Tambar/Eikefjord 3-0

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse