Styret takker for godt gjennomført Best Tambar Cup

TAKK!
Styret i Tambar Fotball ynskjer å rette ein stor takk til alle som var med på å bidra til at årets Tambar Cup, den niande i rekka, vart gjennomført på ein glimrande måte.
Vi kan opplyse om at vi har motteke svært positive tilbakemeldingar frå gjestande laga og lagleiarar, både under og i ettertid av cupen, om ei flott oppleving både på og utanfor bana denne helga.
Takk til alle foreldre til Tambarspelarane som stilte opp med lapperøre, kaker og salg. Takk til dei som var med å styra kamptid og speakertjenesta. Takk til dei unge, flinke dommarane som landa kvar kamp trygt i hamn. Takk til BEST, som var Tambar Cup sin samarbeidspartner i år. Takk til ALLE Tambarlaga som gav oss fin-fin fotballunderholdning, og til trenarar og lagleiarar til desse laga.
Utan bidrag frå alle dei innvolverte, hadde ikkje årets Best Tambar Cup vorte så bra som den vart. Ubeskjedent kan ein også dra fram alle fem representantane i styret, som har lagt ned mykje tid i forberedelsane i forkant av cupen. I tillegg var styrerepresentantane å sjå i hallen både tidleg og seint, begge dagar.
Vi er allerede begynt å glede oss til den 10.Tambar Cupen …………….

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse