Best Tambar Cup: Begge Tambarlaga puljevinnarar i G15/16

Både Tambar 1 og Tambar 2 gjekk gjennom dei innleiande kampane utan tap, og begge laga vert med det vinnar av pulje ein og to. Totalt slapp dei to laga inn berre eit mål totalt på dei åtte kampane dei hadde til samen i puljespelet.

Begge laga spela god fotball i hallen i dag, og var nok dei laga som spela finast fotball i hallen i kveld. Dessverre vart det tøft for Tambarlaga utover turneringa, då begge lag hadde få innbyttere på begge lag. I tillegg fekk ein skader på to spelarar i slutten av puljespelet, noko som gjorde det ekstra tungt inn mot sluttspelet.

Med semifinaleplass til både Tambar 1 og Tambar 2, enda sluttspelet for dei to laga i bronsefinalen. Der var det Tambar 2 som trakk det lengste strået, etter at dei vann 1-0 i ein jamnspelt kamp.

Tambar 1 sine resultat innleiande:
Førde 4-Tambar 1 0-2
Førde 6-Tambar 1 0-1
Tambar 1-Førde 1 0-0
Halbrend-Tambar 1 0-1

Tambar 2 sine resultat innleiande:
Tambar 2-Førde 2 1-1
Eikefjord-Tambar 2 0-0
Tambar 2-Førde 5 2-0
Tambar 2-Førde 7 4-0

Semifinale: Tambar 1-Eikefjord 0-0 (0-1)
Semifinale: Tambar 2-Førde 1 2-5
Bronsefinale: Tambar 1-Tambar 2 0-1
Finale: Eikefjord-Førde 1 0-2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse