BEST Tambar Cup i Naustdalshallen 24.-25.januar

Tambar Fotball arrangerer Tambar Cup i Naustdalshallen for åttande år på rad, og inviterer med dette smågutelag, småjentelag, gutelag og jentelag til fotballhelg i Naustdal 24.-25.januar 2015. Årets utgåve av cupen har fått med seg BEST som samarbeidspartner, og har med det fått namnet BEST Tambar Cup.

BEST Tambar Cup går av stabelen fjorten dagar før KM kvalifiseringa for aldersbestemte lag vert arrangert, og er dermed ein god arena for laga, der ein kan gjere den siste finpussen og kampar på parkett.
På grunn av banekapasiteten er det begrensa kor mange lag som kan delta, og lag som ynskjer å delta vert oppfordra til å være tidleg ute med påmeldinga for å sikre seg plass. Vi kan nemne at 33 lag deltok på cupen i fjor, og mange fleire enn 40 lag er det ikkje plass til i årets BEST Tambar Cup.

Meir info og påmelding:

Les mer: Tambar Cup 2015


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse