Juniorane til Tambar i bronsefinale i Førde cup

Nok ein gong gjorde Tambarlaga det bra i Førde cup, som vart avslutta med sluttspel- og finalekampar søndag kveld. Rett nok var det ingen av Tambarlaga som gjekk heilt til topps i år, og heller ingen pallplass på nokon av laga.
Men når fire av fem lag spelar seg fram til A-sluttspelet, viser det at det vert gjort mykje rett i dei aldersbestemte laga i klubben.

Laget frå Tambar som kom seg lengst i sluttspelet i år, var juniorlaget. Laget består av spelarar frå 7.divisjonslaget, og hadde henta inn noko forsterkning frå a-laget til cupen i Førdehuset.
Laget starta med stortap mot Førde sitt beste lag, Førde 1, der dei tapte 6-2. Men med seier i dei to neste kampane sine, gjekk laget vidare til sluttspelet.

I kvarfinalen møtte laget Sunnfjord, der Tambar vann kampen 3-1. I semifinalen vart Bergsøy litt for sterke, og Tambar måtte forlate bana med eit 2-5 tap. Tap vart det også i bronsefinalen, der laget tapte 2-0 mot Førde 2.

Finalen i juniorklassen vart spelt mellom Førde 1 og Bergsøy, ein kamp Førdelaget vann med heile 9-1.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse