Småjenter, smågutar og gutar tapte kvartfinale - juniorane vann

Småjentelaget, smågutelaget og gutelaget er ute av årets Førde cup, etter at alle tre laga måtte gi tapt i dagens kvartfinaler i A-sluttspelet.

Den mest dramatiske kampen, vart kampen gutelaget spela mot Jølster 1 på bane 3. I ein jamn kamp mellom laga gjekk Jølster opp i 1-0 leiing midtvegs i kampen. Og resultatet såg ut til å halde kampen ut. Men då speaker opplyste over høgtaleranlegget at det var ti sekundar att å spele, endte Tambarkeeper Markus ballen frå eige mål mot målet til Jølsterkeeperen. Her vart keeper så pasa pressa av Jesper at ballen smyg seg over mållinja og det stod 1-1 like før sluttsignalet, og jubel i Tambarleiren.

Ekstraomgangen vart av det korte slaget, då Jølster 1 scora på ein corner før minuttet var gått i denne omgangen. Dermed var cupeventyret ute også for gutelaget. Men laget skal ha for godt innsats denne helga, og for ein spennande kvartfinale.

Juniorlaget til Tambar er fortsatt med i sluttspelet, og vann tidligare i dag kvarfinalen mot Sunnfjord med 3-1. Laget skal no opp mot Bergsøy 1 i semifinalen, som vert spelt kl.14.00.

Resultat frå dagens kvartfinaler:

SMJ:
Tambar-Førde6 0-2

SMG:
Tambar-Gaular 2-4

GUT:
Jølster 1-Tambar 2-1 e.e.o.

JUNIOR herre:
Tambar-Sunnfjord 3-1

Oppdatering av resultat frå Førde cup finn du på Førde Fotball si heimeside: http://www.forde-fotball.no/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse