Resultat frå Tambarlaga sine kampar i Førde cup lørdag

Tambarlaga har stått fram på ein glimrande måte i dagens Førde cup, der fire av dei fem laga til Tambar Fotball er med vidare til sluttspelet søndag.

Gutelaget, Tambar 1, vann sine to kampar i dag og vart med det nummer to i si pulje. Dermed kan laget sjå fram til sluttspelkampar søndag morgon.
Det andre gutelaget, Tambar 2, hadde ikkje marginane på si side i dagens tre jamnspela kampar, og rauk med det ut av cupen.

Småjentelaget spela uavgjort i sin eine kamp i dag. Laget vart med det nummer to i si pulje og gjekk vidare til A-sluttspelet som beste toarlag.

Smågutelaget vann sin kamp i dag, og vart med det puljevinnar med tre seierer av tre mulige.

Juniorlaget til Tambar Fotball fekk som venta ein tøff start mot Førde og tapte åpningskampen 6-2. Men laget heva seg utover dagen og vann sine to neste kamper, og er med det vidare til sluttspelet.

Resultat frå dagens kampar:

GUT:
Bergsøy-Tambar1 1-2
Tambar1-Kvernbit2 4-3
LGFK 2-Tambar2 2-1
Førde 3-Tambar2 2-1
Tjørvåg-Tambar2 4-0
SLUTTSPEL:
Kl.11.00 1/4 finale Tambar-Jølster 1

SMJ:
Nordhordaland-Tambar 0-0
A-SLUTTSPEL:
Kl.10.00 ¼ finale Førde 6-Tambar

SMG:
Tambar-Høyang2 2-1
A-SLUTTSPEL:
Kl.10.20 ¼ finale Tambar-Gaular

JUNIOR herre:
Førde 1-Tambar 6-2
Tambar-Tjørvåg 5-0
Loddefjord 2-Tambar 0-2
A-SLUTTSPEL:
Kl.12.40 1/4 finale Tambar-Sunnfjord

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse