Resutat Førde Cup fredag

Fire Tambarlag har vore i aksjon i Førdehuset i kveld, og er dermed godt i gang i årets Førde Cup. Både smågutelaget og småjentelaget spela to kampar fredag kveld, og begge laga vann sine to fyrste kampar. Dermed ser det lyst ut for vidare avansement, der begge laga avslutter med ein kamp i dei innleiande rundene i morgon.

Gutelaget stiller med to lag, og begge laga var i aksjon i kveld. Dessverre vart det tap for begge desse laga, men har fortsatt sjansen til spel i sluttspelet, då dei skal spele henholdsvis to og tre kampar laurdag.

Resultat frå kampane fredag:

SMJ:
Førde 2-Tambar 1-2
Askvoll/Holmedal 2-Tambar 0-2

SMG:
Førde 9-Tambar 0-6
Jølster 1-Tambar 1-2

Gut:
Tambar 1-Førde4 0-1
Eikefjord-Tambar2 3-0

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse