Fem Tambarlag påmeldt til Førde Cup

Utesesongen er knapt nok avslutta, før fleire av Tambarlaga forbereder seg for innefotball og ulike cuper. Fyrst i rekka i år, som tidligare år, er den tradisjonelle Førde Cup som går av stabelen i Førdehuset neste helg, 7.-9.november.

Tambar stiller med fleire lag også i år, nærmare bestemt fem lag:
Småjenter
Smågutar
Gutar (to lag)
Junior herre

I fjorårets Førde Cup gjorde Tambarlaga det svært så bra, der vi hadde tre av laga i finalane. Smågutelaget (bildet) gjekk heilt til topps og vann A-finalen med 2-1 over Askvoll/Holmedal. Juniorlaget, med fleire spelarar som var med å rykke opp i 4.divisjon med Tambar, kom også til finalen. Men med tap der, vart det ein sterk sølvplassering.
Småjentelaget spela seg også til finalespel, i B-sluttspelet, og kunne gå av bana med seier.

Dette skreiv vi om Førde Cup 2013: http://www.klubbinfo.no/tambar/cat_turneringar_blid_55419_tambar_fotball_med_historisk_innsats_i_forde_cup.html

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse