Fire Naustdalsgutar og Akademilaget Førde slo Florø 5-2

Fire Naustdalsgutar var med på Akademilaget Førde (G99) då laget avslutta sesongen mot Florø i kveld. I ein kamp med bra tempo og to lag som ville angripe, var det heimelaget Florø som kunne gå til pause med 2-1 leiing.

Men Førde kom strekt tilbake i andre omgang, og scora fire mål og kunne gå av bana med ein konfortabel 5-2 seier.

Både Elias Rognebakke og Marius Storevik (begge for tiden Førde) scora kvar sitt mål i kveld. Martin Hukset spela ein god kamp i forsvaret til Akademilaget Førde, medan keeper Markus Hjelle Cirotzki holdt nullen etter at han kom inn og spela andre omgang.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse