Nok ein flott Bendit Cup på stadion

Det vart nok ein flott dag på Naustdal stadion i dag, då Bendit Cup vart avslutta med dei eldste klassane. Med over hundre kampar også i dag, vart det totalt spelt over 200 kampar på stadion i helga, der nærmare tusen spelarar har delteke. I tillegg var mange foreldre og andre innom og heia på laga, så i perioder var det svært folksomt på og rundt banene.

Arrangøren melder også om eit knirkefritt arrangement, der foreldre og føresette til Tambarlaga gjer ein flott innsats i salstelt og kiosk desse to dagane. Også klubbdommarane til Tambar får gode tilbakemeldingar, og deig jer ein viktig jobb for klubben i denne turneringa.

Underteikna fekk med seg turneringa fram til kl.13.00, og bilder frå nokre av kampane vart foreviga på ”film”.


BILDER FRÅ BENDIT CUP søndag: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/BenditCup2014SNdag

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse