Fyrste dag av Bendit Cup unnagjort

Kl.10.00 i dag blåste dei lokale klubbdommarane til Tambar Fotball i gang årets Bendit Cup på Naustdal stadion. Over hundre kampar vart spelt på stadion, der det meste gjekk på skinner heile dagen.
Sjølv været var på arrangøren si side i dag, sjølv om deltakarane ikkje klarte å halde seg tørre heile dagen. For på slutten av lørdagen kom det nokre regnbyger, utan at det såg ut som det gjorde noko på stemningen blandt deltakarane.

Tilbakemeldingane Tambarskjelvar si fotballgruppe har fått i dag, er utelukkande positive, noko arrangørane set pris på.

I morgon bles dommarane på ny igang kampar, også denne dagen er det start kl.10.00. Då er det dei eldste klassane som skal i elden, altso klasse gut/jente 2002-2004.

Kampoppsett for søndag: http://res.profixio.com/resultater/bendit-cup-naustdal-2014

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse