Bendit Cup: Nærmare 1000 spelarar og 206 kampar på Naustdal stadion i helga

Heile 102 lag deltek på årets Bendit Cup på Naustdal stadion komande helg, lørdag 23. og søndag 24.august, noko som betyr at nærmare 1000 speleglade fotballjenter og gutar vil innta kunstgrasbana i Naustdal desse to dagane.

Deltakarlaga kjem frå Førde, Jølster, Kvammen, Sogndal og sjølvsagt arrangørklubben Tambarskjelvar, der klassane gutar/jenter 2002-2007 deltek. Flest deltakarlag har som vanleg Førde, der grendalaga og sentrumslaga i bykommunen stiller med om lag halvparten av deltakarlaga.

Denne dagen er Naustdal stadion inndelt i fem små baner, og det blir spelt 5er fotball i alle klasser. I tillegg til fotballkampar, vil det som vanleg bli salg av vått og tørt ved fleier utsalgsstader på stadion. Med BAMA som hovudsponsor av Bendit Cup, vil sjølvsagt frukt stå sentralt også ved årets turnering. Eige utsalg av frisk, sunn og god frukt finn ein på fleire plasser på Naustdal stadion i helga.

Elles vert det også i år flotte premier frå BAMA til alle deltakarane, med høgtidlig utdeling til kvar og ein av spelarane. Også sentrale personar frå Tippeligalaget Sogndal har meldt sin ankomst til Naustdal stadion i helga. Sogndalspelar Petter Strand og trener og spelarutviklar, Tommy Øren, kan ein møte på laurdag frå 14.30-18.00.

Fotballgruppa i Tambarskjelvar ynskjer alle velkommen til ei flott fotballhelg i Naustdal. Spesiellt ynskjer vi sjølvsagt alle laga velkommen til flotte fotballkampar på kunstgraset i Naustdal desse to dagane!

DELTAKARLAG – KAMPOPPSETT: http://res.profixio.com/resultater/bendit-cup-naustdal-2014


MERK: Klasse J2006 og J2007 er slått saman til J2006.
MERK: Klasse J2002 og J2003 er slått saman til J2003.

Alle lag spelar fire (4) kampar à 13.minutter.

Vi har prøvd å komprimere laga sine kampar så godt det lar seg gjere, og laga er ferdigspelt i løpet av om lag fire timar.

Det er lagt opp til pause med premieutdeling lørdag kl.12.30, elles vert det premieutdeling fortløpande utover dagen.
På søndag vert første premieutdeling kl.12.45, og fortløpande utover dagen.

LØRDAG:
J2006 (2007-2006)
J2005
G2007
G2006
G2005

SØNDAG:
J2003 (2003-2002)
J2004
G2002
G2003
G2004


SJÅ KAMPOPPSETT: http://res.profixio.com/resultater/bendit-cup-naustdal-2014

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse