Kongleriket Turneringa: Flott fotballdag på Naustdal stadion

Tambarskjelvar Fotball gjennomførte eit prikkfritt arrangement i dag, då Kongleriket Turneringa vart arrangert på Naustdal stadion i dag.

44 lag frå Svelgen, Florø, Eikefjord, Kvammen og Tambarskjelvar deltok i dagens turnering, som er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn o Fjordane Fotballkrets og arrangørklubben.

Gutar og jenter i alderen 6-10 boltra seg på totalt fem små baner på Naustdal stadion, og det flotte været gjorde speleforholda heilt perfekte til ein slik fotballdag.
Også den høgtidlege premieutdelinga etter ferdigspelt kampar til dei små fotballstjernene, såg ut til å falle i smak.

Arrangøren får også denne gong gode tilbakemelding frå deltakarane. Utan den store dugnadånda frå foreldre og føresette, fline klubbdommere, speleglade gutar og jenter og ivrige tilskuere, hadde ikkje arrangementet vorte slik det vart.

BILDER FRÅ KONGLERIKET NAUSTDAL: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/KongleriketNaustdal150614

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse