Kongleriket Turnering på Naustdal stadion søndag - kampoppsett klart

Tambar Fotball arrangerer fyrstkomande søndag Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion, den andre i rekka denne sesongen. Den fyrste gjekk av stabelen i Eikefjord i mai.

Til turneringa i Naustdal er det påmeldt 42 lag, frå klubbane Florø, Svelgen, Eikefjord, Kvammen og Tambarskjelvar.

Kampane vert spelt på fem småbaner der kampane startar klokka 10.00.

Vi ynskjer spelarar og trenarar velkommen til Naustdal og Naustdal stadion. I tillegg ynskjer vi sjølvsagt publikum velkommen til ein flott fotballdag, der det vert salg av vafler, pølser, is, kaffi og mykje anna frå kiosk og kafèteltet. I tillegg til dette, har søndagens turnering fokus på sunne matvaner og frukt, og ein vil kunne få kjøpt frukt i salsbodene og av fruktseljarar rundt om på bana.

OPPDATERT ONSDAG 11.JUNI:
I klasse J2006 og J2007 har det kome til to nye lag, og desse klassane vert dermed ikkje slått saman (J2006-J2007 var slått saman ved forrige kampoppsett).
Det er ingen endring av tidspunkt for kampstart i dei andre klassane.

SJÅ NYTT KAMPOPPSETT (oppdatert 11.06.14): https://drive.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYenVaY3gxcEROX28/edit?usp=sharing

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse