Fyrste påmeldingane er kome til Bendit Cup 23.-24.august

Tambar Fotball inviterer lag frå heile Sogn og Fjordane, når klubben i år arrangerer Bendit Cup på Naustdal stadion for åttande året på rad. Arragementet har sidan starten i 2007 gått av stabelen i september månad, men dette vert endra i år. På grunn av andre arrangement i fylket, krasja dette med ”vår” dato i september i år. Dermed vert datoen for Bendit Cup i Naustdal lørdag 23. og søndag 24.august.

Turneringa vert også i år for gutar og jenter i alderen 6-12 år, der det vert spelt 5er fotball på små baner i alle klasser. I tillegg til flotte fotballopplevingar for spelarane, vil det også i år bli delt ut flotte og ettertrakta premier frå BAMA. Denne flotte turneringa er i regi av BAMA, NFF og arrangørklubben Tambarskjelvar Fotball, der ein blant anna har fokus på sunne matvarer og Fair Play.

Bendit Cup Naustdal 2014

Naustdal stadion – kunstgras.
Klasser:
G2008-J2008
G2007-J2007
G2006-J2006
G2005-J2005
G2004-J2004
G2003-J2003
G2002-J2002

5er fotball
13 min kamper
Max 8 spelarar pr.lag
Premier frå BAMA til alle deltakarane

Lagsavgift: kr.800.-
Påmeldingsfrist: 13.august

Tidligare år har vi hatt opp mot 100 påmelde lag, noko vi sjølvsagt er svært nøgde med. I fjorårets turnering måtte vi dessverre avvise fleire lag, både på grunn av kapasitet og lag som var for seine med påmelding.
Vi oppfordrer difor laga til å være tidlig ute med påmelding om ditt lag ynskjer å delta på fotballfesten i Naustdal i august.

Meld på lag: http://www.profixio.com/reg/bendit-cup-naustdal-2014/no/pamwiz/index
Sjå påmelde lag: http://www.profixio.com/reg/bendit-cup-naustdal-2014/no/pamwiz/index

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse