Kongleriket Turneringa vert arrangert i Naustdal 15.juni

Tambar Fotball arrangerer også i år Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion. Datoen for årets turnering er søndag 15.juni.

Kongleriket Turneringa er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fotballkrets, Sparebanken Sogn og Fjordane og arrangørklubbane. Gutar og jenter i alderen 6-12 år spelar denne dagen 5er fotball på små baner, der laga får minst tre kampar kvar. I tillegg til arrangementet på Naustdal stadion i juni, vert Kongleriket Turneringa arrangert slik:

11.mai Eikefjord
31.august Florø
21.september Førde

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse