Tambar sitt småjentelag vann finalen i Statoil Veslefrikk-turneringa

Foto: Ann Kristin Dobbe Personbråten

Tambar Fotball sitt småjentelag gjorde det bra i helgas Statoil Veslefrikk turnering, då dei tok seg heilt fram til finalen. Finalen vann laget til trenar Tore Personbråten med solide 3-1 mot Florø 1.
Dermed vart det nok eit godt resultat for småjentelaget til Tambar, som tidligare denne månaden havna på ein sterk fjerdeplass i innandørs KM på Sandane.

Helgas turnering i Florøhallen samla heile 123 lag, der Tambar Fotball stilte med tolv lag i kystbyen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse