Jente 14 var best av Tambarlaga i sluttspelet

Berre J14 av Tambar Fotball sine lag klarte å kvalifisere seg til sluttspelet i helgas KM-sluttspel på Sandane i helga.

Tambarlaga i G13, G14 og J14 spela sine kampar lørdag, medan G15 spela kampane sine i dag. Samtlige lag gjorde ein flott innsats i helga, og nok ein gong bemerka Tambar seg med fleire lag i KM-sluttspelet.

Sjølv med god innsats, holdt det dessverre ikkje for G13 og G14 til å nå sluttspelet. Heller ikkje G15 makta å kome seg til sluttspelet i Trivselshagen i dag, og måtte gi seg etter dei innleiande kampane.

For J14 vart det eit bra KM-sluttspel, etter at laget vart nummer 4. I semifinalen vart det eit knepent 2-1 tap for Askvoll/Holmedal, og i bronsefinalen vart det nok eit knepent 2-1 tap, denne gongen mot Sandane.

Gode prestasjoner av jentene frå Tambar, når ein tenker på at laget fekk to skada spelarar før sluttspelet, blant anna keeperen.

RESULTAT SØNDAG: http://www.kmfotball.no/sondag/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse