Tambarlaga klar for KM-sluttspel lørdag og søndag

Lørdag 1. og søndag 2.mars blir KM-sluttspelet for aldersbestemte lag arrangert i Trivselshagen på Sandane.
Alle dei fire Tambarlaga er godt forberedt og klare til helgas kampar, der J14, G13 og G14 spelar lørdag, medan G15 spelar søndag.

Fyrste lag ut frå Tambar er G14, som spelar sin fyrste kamp mot Florø 1 kl.10.15. G13 skal i elden like etter, då dei også møter Florø 1 kl.10.45.
Jentene, J14, spelar sin første kamp kl.14.45, då dei møter Bjørn.

Tambar sitt gutelag, G15, spelar sin fyrste kamp mot Gaular på søndag kl.10.00.


OPPDATERTE RESULTAT FINN DU HER: http://www.kmfotball.no/laurdag/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse