Tambarspelarar med då Førde Akademi G15 slo Florø 8-4

To spelarar frå Tambar Fotball var i kveld med å bidra til at Akademilaget til Førde G15 laga målshow og slo Florø Akademi G15 heile 8-4.

Markus Hjelle Cirotzki stod i mål heile kampen for Akademi Førde G15, medan Martin Hukset spelte 2.omgang. I tillegg spela Marius Storevik og Elias Rognebakke for Førdelaget. Desse to spelarane spelar i år for Førde, etter at dei meldte overgang frå Tambar til Førde ved årsskifte. I tillegg til desse, har Tambar Fotball også endå ein spelar i stallen. Jesper Tomassen måtte i kveld melde forfall til kampen.

Florø scora kampens første mål, då dei gjekk opp i 1-0 leiing 15 minutter ut i første omgang. Men Førde utligna berre minutter etter, og gjekk til pause med ein konfortabel 5-2 ledelse.

Også i andre omgang hadde Akademilaget til Førde bra kontroll på Florøgutane, og kunne gå av bana med heile 8-4 seier.

Akademiserien er eit tiltak i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets, i samarbeid med Akademiklubbane. I klasse G15 er det oppretta Akademilag i Førde, Florø, Eid, Stryn, Årdal og Sogndal. Akademilaga stiller med nominerte spelarar frå klubben og klubbar i nærleiken. På Førde Akademi G15 finn vi spelarar frå Førde, Tambar, Jølster og Dale.

Akademiserien går paralellt med anna serie i sesongen og startar opp i februar og avslutter i november. Laget har ein samling i månaden i tillegg til kamp. Speleplan for Akademi Førde G15 for vårsesongen ser slik ut:

12.02 Førde – Florø
30.03 Eid – Førde
26.04 Stryn – Førde
14.06 Førde - Sogndal

BILDE: Førde Akademi G15 (klikk bildet for å få større)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse