Tambar sitt G15 lag klar for KM-sluttspelet

Tambar Fotball sitt G15 vart det fjerde Tambarlag av fire som gjekk vidare, etter at dei gjorde ein framifrå innsats i KM-kvaliken på Sandane i dag.

Med tre seierer og ein uavgjort i dei innleande kampane, vart laget puljevinnar og klare for kvartfinalen. Kampen mot Sandane i kvartfinalen enda 1-0, og gjorde også at Tambar G15 vart klar for KM-sluttspelet på Sandane 1.-2.mars.

I semifinalen møtte Tambar på ny Førde 1, laget som dei spelte uavgjort 2-2 mot i dagens første kamp. På Førdelaget spela dei to tidligare Tambargutane og tidligare lagkameratane til Tambar G15, Marius Storevik og Elias Rognebakke.
Tambar gjekk her på dagens første tap, og ein kunne vel ane at nokre av splarane var byrja å bli noko slitne.
Men uansett vart dagens KM-kvalik ein skikkeleg opptur for Tambargutane, som viste god innsats og god lagmoral, og som no blir med på KM-sluttspelet i same hall om ein månads tid.


BILDE: Tambar G15 bak f.v.: Jesper D. Tomassen, Samson Vonen, Martin Hukset, Thomas Personbråten. Framme f.v: Jakob A. Helgheim, Markus H. Cirotzki og Aleksander F. Helgås.


Tambar - Førde 1 2-2
Stryn - Tambar 0-3
Eid 2 - Tambar 0-1
Tambar - Jølster 1-0

1/4-finale: Tambar-Sandane 1-0
Semi-finale: Tambar-Førde 1 0-4


SJÅ KVA SANDANE skriv på si heimeside frå Tambar sin kamp mot Førde 1, som enda 2-2: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1375369&CatId=16936

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse