Alle Tambarlaga til KM-sluttspelet i dag

Tambar Fotball sitt småjentelag, J14, gjekk også vidare til KM-sluttspelet på Sandane 1.-2.mars etter kveldens kvalifiseringsrunde i Dale.

Laget starta med seier over arrangørklubben Dale i sin fyrste kamp i kveld, og vann 2-0. I ein jamn kamp mot AHIL, vart det eit knepent 2-3 tap.

Den siste kampen for jentene vart dermed heilt avgjerande om laget skulle ha forhåpningar om å gå vidare til sluttspelet. I denne kampen møtte Tambarjentene jentene frå Gaular, og med 3-0 seier kunne dei juble for sluttspelplass.

Dermed har det vore ein flott dag for Tambarfotballen, der tre av tre lag går vidare frå KM-kvalifiseringa til KM-sluttspelet på Sandane 1.-2. mars.


Alle resultat og tabeller: http://www.daleidrettslag.no/index.php?id=1594

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse