Tambar vann Tambar Cup

Tambar kunne heve den største pokalen i klasse G14 i dagens Tambar Cup. Laget tok seg heilt fram til finalen, der laget avgjorde omlag eit minutt ut i ekstraomgangen.

For det var ein jamn og spennande kamp vi var vitne til, då Tambargutane møtte Halbrend 1 til finalekampen. Førdegutane tok leiinga i kampen, og det såg lenge ut til at dei skulle dra seieren i land. Men berre sekunder før sluttsignalet scora Tambar, og laga var like langt. Dermed måtte det speleforlenging til, der Tambar fekk det avgjerande målet minuttet ut i ekstraomgangen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse