Kampoppsett for Tambar Cup 18.-19.januar klart

Kampoppsettet for årets Tambar Cup i Naustdalshallen er no klart.

Til årets cup er det påmeldt 33 lag, der vi som vanleg finn flest gutelag i påmeldinga. G13 er den største klassen med 12 lag påmeldt. I klasse G14 finn vi 8 lag, medan G15/16 er 4. I jenteklassen er det flest påmeldte i J15/16, der 5 lag stiller. I klasse J13/14 kom det påmelding frå 3 lag.
Kampane startar kl.10.00 på lørdag, medan spelarane på søndag må stå litt tidligare opp, då kampane vert blåst i gang kl.09.00.

Tambar Fotball ynskjer laga og publikum velkommen til ei flott fotballhelg i Naustdalshallen. Det er gratis inngang og kiosksalg.

KAMPOPPSETT: https://drive.google.com/file/d/0B3qDS8M_qJcYSkRqUUJ3OUN4RUU/edit?usp=sharing

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse