Påmelding til Tambar Cup 18.-19.januar

VI MINNER PÅ at Tambar Fotball arrangerer Tambar Cup i Naustdalshallen for sjuende gong på rad, og inviterer med dette smågutelag, småjentelag, gutelag og jentelag til fotballhelg i Naustdal 18.-19.januar 2014.

Tambar Cup går av stabelen fjorten dagar før KM kvalifiseringa for aldersbestemte lag vert arrangert, og er dermed ein god arena for siste finpuss og kampar på parkett.

Som i KM innandørs, vert det også spelt i reine årsklasser i Tambar Cup: G13, G14, J13, J14. For dei eldste klassane vert det spelt som tidligar, G15/16 og J15/16.

Tambar Cup vert arrangert som 5er fotball. Det vert brukt 7er mål.

Meir info og PÅMELDING:

Les mer: Tambar Cup, Hall


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse