Juniorane tok sølv i Førde Cup

Tambar sine juniorer fekk ein verst tenkeleg start på Førde Cup fredag kveld, då laget måtte gå av bana med 1-7 tap mot Førde 1.

Men Tambarjuniorane kom sterkt tilbake i dei innleiande kampane, og gjekk vidare til A-sluttspelet etter å ha blitt nummer to i pulje 3.

I kvartfinalen møtte dei vinnar av pulje 4, Hordalandslaget Gneist. Her gjorde Tambar kort prosess og vann kampen 4-1.
I semifinalen stod Førde 2 på motsatt banehalvdel, og Tambar hadde bra kontroll på kampen og vann greit 2-0.

I finalen møtte Tambar på ny Førde 1, laget som dei tape 1-7 for i den fyrste innleiande kampen sin. Også i denne kampen viste Førdelaget seg for sterke, og vann finalekampen med 5-1.

Dermed vart det sølv til juniorane frå Tambar, spelarar som også har vore med å bidra til at Tambar spelar i 4.divisjon neste sesong. Om fjorten dagar står KM innandørs for senior for døra, der blant anna desse spelarane skal delta.

BILDE: Frå venstre: Andreas Vatne, Joacim Engebø, Anders Aase, Nikolai Stølsvik, Jørgen Helgheim, Henrik Hundershagen, Nicolai Sundbye og Andrè Sølvberg.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse