God innsats av dei unge småjentene

Småjentelaget til Tambar Fotball har imponert i årets Førde Cup, og kunne juble for gull etter å ha slege Førde 9 i B-finalen med siffera 3-1.

Imponerande er det at dette unge laget har gått gjennom Førde Cup med berre eit tap, og suste heilt fram til seier i finalen. Til tross for at jentene er 12 og 13 år, har dei spelt med stor sjølvtillitt og lite respekt for dei eldre spelarane på motstanderlaga. Etter dei innleiande kampane var laget berre eit mål i frå å gå til A-sluttspelet, men gjorde istadenfor reint bord i B-sluttspelet.

BILDE (klikk for større bilde): Frå venstre: Elise Dobbe Personbråten, Nikoline Tomassen, Ingrid Ask Nordheim, Oline Stubhaug Birkeland, Julie Solhaug Dale, Lena Einevoll, Sandra Hoff. Ikkje med på bildet: Martine Solheim.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse