Tambar Fotball med historisk innsats i Førde Cup

Tambar Fotball har gjort ein historisk innsats i årets Førde Cup, der samtlige av laga gjekk vidare til A- eller B-sluttspel, og der klubben kunne innkassere to gull og ein sølv søndag ettermiddag.

Både gutelaget og jentelaget spelte seg fram til semifinalen i B-sluttspelet, og i to jamne kampar måtte dei takke for seg i årets cup i Førdehuset.

Småjentelaget gjekk heile vegen fram til finalen i B-sluttspelet, og vann ein svært fortent 3-1 seier i finalen mot Førde 9. Imponerande av det unge laget som har spelarar som er 12 og 13 år gamle, og trulig var det yngste småjentelaget i årets Førde Cup.

Smågutelaget har også imponert i helgas cup, og laget gjekk gjennom Førde Cup utan eit einaste tap. Både i semifinalen og finalen vart det jamne kampar, men laget kunne sleppe jubelen laus etter 2-1 seieren mot Askvoll/Holmedal i finalen.

Tambar sine juniorer fekk bakoversveis i sin fyrste innleiande kamp fredag kveld, men har hatt ein formidabel stigning gjennom Førde Cupen. Laget spelte seg heilt fram til finalen, og sjølv om laget måtte sjå seg slått med 5-1 mor Førde 1, har laget lov å være nøgd med helgas prestasjoner.


BILDE SMÅGUTAR (klikk for å få større): Bak frå venstre: August Thingnes, Marius Storevik, Jesper Tomassen, Martin Hukset, Jakob Helgheim. Framme frå venstre; Elias Rognebakke, Mathias Gamlestøl, Thomas Personbråten, Markus Hjelle Cirotzki, Sander Nordheim.



Tambarlaga sine resultat i sluttspelet:

GUT:
Kvartfinale: Tambar-Viksdalen 3-1
Semifinale: Tambar-Mauseidvåg/Solevåg1 1-3

JENTE:
Kvartfinale: Eikefjord/Tambar-Askvoll/Holmedal 1-0
Semifinale: Eikefjord/Tambar-Blindheim IL 1-3

SMÅGUT:
Kvartfinale: Tambar-Gursken 8-0
Semifinale: Tambar-Førde5 2-1
A-FINALE: Tambar-Askvoll/Holmedal 2-1

SMÅJENTE:
Kvartfinale: Tambar-Førde3 3-1
Semifinale: Tambar-Førde4 4-3
B-FINALE: Tambar-Førde9 3-1

JUNIOR HERRE:
Kvartfinale: Tambar-Gneist2 4-1
Semifinale: Tambar-Førde2 2-0
A-FINALE: Tambar-Førde1 1-5

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse