Siste Kongleriket Turnering for i år

Den siste, av totalt fire, Kongleriket Turneringa for sesongen vart arrangert i Svelgen i dag. Som vanleg var det forventningsfulle og spente jenter og gutar som på ny skulle måle krefter mot jamnaldingar, der det såg ut til at dei fleste hadde ein fin dag enten det vart tap eller seier.

Til og med sola stakk innom på slutten av dagen, og Svelgen IF hadde full kontroll på turneringa, svelesteiking og issalg.

Dermed er det for dei yngste berre å legge seg i hardtrening og sjå fram mot og glede seg til neste sesong.

(Klikk på bildet for å få det større)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse