Flott Bendit Cup-helg i Naustdal

Tambar fotball gjennomførte nok ein knirkefri dag på Naustdal stadion, då andre dag av årets Bendit Cup vart arrangert i dag. Arrangøren var noko heldigare med været i dag, og regnet kom ikkje før ein starta nedrigging og rydding av stadion, etter nok ein flott fotballdag.

- "Den beste cupen vi har vore på" , - "dette har vore kjekt for store og små " og - "vi har delteke tre år på rad, like kjekt kvar gong" var nokre av kommentarane vi fekk tilbake då vi snakka med voksne og ungar i dag. Dette er sjølvsagt fine ord og tilbakemeldingar vi set pris på.

Styret i fotballgruppa er stolte av kunne arrangere eit så flott arrangement som Bendit Cup er, og glade for tilliten frå hovudsponsor BAMA og Norges Fotballforbund, som på sjuande året på rad har tildelt Tambar Fotball Bendit Cup.

Vi håpar sjølvsagt på at vi til neste år kan invitere lag til nok ein Bendit Cup på Naustdal stadion, men dette får tiden vise.

Takk til alle som har stilt på dugnad denne helga, utan foreldre og andre, hadde ein ikkje kunne gjennomført denne fotballfesten.
Takk også til spelarar, trenarar, dommere og andre som har delteke og gjort dette til nok ei fin Bendit Cup-helg.

Bilder frå BENDIT CUP SØNDAG:

Les mer: Bendit Cup


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse