Nøgde fotballspelarar i regnværet

Vi hadde ikkje værgudane med oss i den fyrste dagen av årets Bendit Cup. Regnet hadde knapt opphald på Naustdal stadion, men øydela ikkje fotballgleda fordi.

For på trass av at spelarane på kort tid vart våte til skinnet, virke det som dei fleste hadde det veldig kjekt i lag med andre fotballglade gutar og jenter. Og spelarane vi snakka med i dag, seier dei hadde ein tipp-topp fotballdag.

Arrangøren melder om eit, som vanleg, knirkefritt arrangement. Med så stort vert det også mykje dugnad frå foreldre og andre, og desse melder også om ein travel, men fin dag.

Ute på bana var også Tambar Fotball sine unge klubbdommere i aksjon heile dagen, og gjorde ein flott dommarjobb.

Ein pust i bakken vert det for arrangørane i kveld, før dei tek fatt på nok ein fotballdag i morgon.

BILDE: Frå dagens Bendit Cup (klikk bildet for å få det større).

Sjå bilder frå dagens BENDIT CUP:

Les mer: Bendit Cup


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse