Bendit Cup Naustdal: Kampoppsett klart

Kampoppsett for Bendit Cup i Naustdal 14.-15.september er no klart. Om du var innom og kikka på oppsettet seint i går kveld, eller tidleg i dag, gjer vi oppmerksom på at kampoppsettet er endra og oppdatert i dag kl.09.38.

KAMPOPPSETT: Klikk på BENDIT-LOGO til høgre på sida.

Etter fintelling er ein no oppe i heile 96 lag, noko som betyr mange kampar og mykje folk på stadion desse to dagane. Rett og slett ein fotballfest!

Dei nesten hundre laga kjem frå fyljande klubbar:

Førde
Florø
Eikefjord
Kvammen
Gaular
Jølster
Hyllestad
Sogndal
Tambar

Bendit Cup startar kl.10.00 begge dagar, og det vert spelt 5er fotball på fem små baner samtidig.
Begge dagar har ein fokus på sunn kost, og frukt/fruktkorger vert solgt frå fleire salgsstader på stadion. I tillegg vert det rikhaldig salg av anna mat og drikke både i salgstelt og kiosk.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse