Heile 95 lag påmeldt til årets Bendit Cup

Årets Bendit Cup på Naustdal stadion har i år rekorddeltaking og heile 95 lag har meldt seg på den populære Cupen som vert arrangert for sjuande gongen på rad lørdag 14. og søndag 15.september

Kampoppsettet er rekna å bli klart innan morgondagen, der det vil bli spelt nesten to hundre kampar dei to dagane Bendit Cup pågår.

Arrangøren har sendt ut fyljande melding til dei påmeldte laga i dag:

" Bendit Cup i Naustdal nærmar seg, og kampoppsett er i gang. Eg reknar med det vil bli sendt ut i løpet av kvelden eller tidleg fredag.
Heile 95 lag har meldt seg på årets Bendit Cup, noko vi er svært nøgd med. Med så mange lag, må ein også prøve å få fordelt laga nokolunde jamnt på dei to dagane og kampdagane for klassane vert slik:

LØRDAG:
G2005-G2006/G2007
J2003-J2004-J2005-J2006

SØNDAG:
G2001-G2002-G2003-G2004
J2001-J2002

MERK: På grunn av få påmeldingar i klasse G2007, er denne klassen slått saman med G2006.

Cupen startar kl.10.00 og avslutter omlag kl.15.30 begge dagar. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse