80 lag påmeldt til Bendit Cup Naustdal

Arrangøren av Bendit Cup Naustdal er godt nøgd med at 80 lag har meldt seg på årets Bendit Cup på Naustdal stadion 14.-15.september. Dette er omtrent det same antal lag som har delteke dei siste åra, noko som betyr at det vert fotballfest for jenter og gutar i alderen 6-12 år i Naustdal denne helga.

Arrangøren melder om at det ikkje er heilt fullbooka verken lørdag eller søndag. Dermed vert det åpna opp for "etterslengarar" fram til søndag kveld.

Er det lag som enno ikkje har meldt seg på til Bendit, har dei altso muligheiten enno, men må då være kjappe.

Navn på klubb, navn på lag, klasse (G/J 2007-2001), kontaktperson m/epostadresse -tlf.nr. sendast til epostadresse:

frankcirotzki@gmail.com

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse