Påmelding til Bendit Cup 14.-15.september er i gong

Tambar Fotball er på ny blitt plukka ut som arrangør av den populære Bendit Cup, og årets arrangment blir det sjuende på like mange år for Tambar Fotball.
Styret i fotballgruppa er glade og stolte av å kunne få arrangere denne store cupen på ny, og takkar samarbeidsparnarane for tilitten.

Bendit Cup er eit samarbeid mellom BAMA, Norges Fotballforbund og arrangørklubben, og i Sogn og Fjordane vert Bendit Cup arrangert to stader i fylket i 2013.

Bendit Cup er for fotballspelarar i alderen 6-12 år, og på Naustdal stadion spelar alle klasser 5er fotball på små baner.

Premiane i Bendit Cup har alltid vore stas for dei unge fotballspelarane, der alle har fått flotte BAMA-effekter i premie. Slik vert det også i år.

Bendit Cup i Naustdal har hatt stor deltaking av lag, og for mange av dei lokale laga var det ekstra stas at Sogndal deltok med fleire lag i fjor. Fjorårets Bendit Cup var fulltegna, der nærmara 100 lag deltok lørdag og søndag.

Vi trur at minst like mange lag vil delta på årets Bendit Cup. Påmeldinga er allerede åpna, og for å sikre seg ein plass til laget, er det lurt å være tidleg ute med å melde på.

Påmeldingsskjema finn ein i meny til høgre.

Meir info om Bendit Cup Naustdal:

Les mer: Bendit Cup Naustdal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse