Flott miniputt-turnering i Eikefjord

Kongleriket Turnering Eikefjord, Jente 2006.

Eikefjord Fotball arrangerte i dag ei knirkefri turnering på kunstgraset på Eikefjord stadion, der heile 58 lag var samla til årets andre Kongleriket Turnering. Opplett og enkelte solglimt gjorde sitt til at turneringa vart vellukka. I tillegg laga arrangøren ei fin ramme rundt det heile, med sal av frukt og anna frå fleire salgsstader. Eikefjord Fotball-sjefen, Per-Øyvind Sørbø, trakterte speakerrolla glimrande, og alle kampane vart spelt ifylje oppsett plan.

Tilbakemeldingane frå alle Tambarlag tyder også på at dette har vore ei flott turnering for dei yngste spelarane i klubben. Laga fekk spele 3-4 kampar, og med medalje rundt halsen etter endt turnering, er det nok mange som er byrje å glede seg til neste turnering.

NOKRE BILDER FRÅ TURNERINGA:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse