Klar for Kongleriket Turnering i Eikefjord!

Dei yngste Tambarlaga gjer seg klar for sin andre Kongleriket Turnering, og set kursen vestover til Eikefjord. Spente og forventningsfulle gutar og jenter, trenere, foreldre, søsken og besteforeldre, gjer seg klare for ein fin fotballsøndag.

Vi trur Eikefjord Fotball klarer å lage ei fin ramme rundt denne dagen, slik Tambar Fotball gjorde ved den første Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion i mai.
Skal vi tru værmeldinga, vil også værgudane være på arrangøren si side med opphald og nokre solglimt utover dagen.

Vi ynskjer alle Tambarlaga lukke til i turneringa !

Tambar Fotball stiller med tolv lag i Eikefjord:

2006: 1 gutelag og 2 jentelag
2005: 2 gutelag og 1 jentelag
2004: 2 gutelag og 1 jentelag
2003: 2 gutelag og 1 jentelag

KAMPOPPSETT: https://docs.google.com/spreadsheet/ccc?key=0AnqDS8M_qJcYdEI3V1BsY0tYczJkXzFWby1JZnNXY2c

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse