Flott Kongleriket-turnering på stadion søndag

Fineværet kom som bestilt då Tambar Fotball arrangerte årets første Kongleriket Turnering på Naustdal stadion på søndag.
Heile 69 lag med spelarar i alderen 6-10 år deltok på turneringa, der det vart spelt over hundre kampar på 6 småbaner dei timane turneringa pågjekk.

Hovudtema for turnerina var Fair Play, der ein hadde fokus på Fair Play-helsing før og etter kamp, noko alle lag i alle årsklasser tok på alvor.

Etter at laga var ferdig med sine kampar, var det høgtidleg utdeling av premier til alle spelarane. Dette føregjekk på premiepodiet midt på bana, noko dei unge spelarane tydeleg tykte var stas.

Elles melder arrangøren om eit knirkefritt arrangement. Kampane vart avvikla som planlagt, klubbdommarane gjorde ein flott jobb, foreldre hadde god kontroll på kiosksalg og parkering.


BILDER KONGLERIKET NAUSTDAL 2013:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse