Heile 69 lag deltek på Kongleriket i Naustdal på søndag

Heile 69 lag deltek på Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion fyrstkomande søndag. Lag frå Ålfoten, Svelgen, Florø, Eikefjord, Kvammen, Førde og Tambar skal denne dagen spele totalt 107 kampar.

Naustdal stadion vert denne dagen delt inn i 6 små baner, der laga spelar 13 minutters kampar. Kongleriket Turneringa er for gutar og jenter i alderen 6-10 år.

Kampoppsett er under arbeid og vil bli sendt ut til kontaktane i dei ulike klubbane når det er klart. I tillegg vil du finne oppsettet her på heimesida om kort tid.


KAMPOPPSETT: http://www.cupassist.com/resultater/vis.php?turn=kongleriket-naustdal-2013

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse