Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion søndag 12.mai

INVITASJON TIL KONGLERIKET MINIPUTT-TURNERING I NAUSTDAL SØNDAG 12 MAI


Tambarskjelvar IL ønskjer alle miniputt-lag i Sunnfjord velkommen til Kongleriket Miniputt-turnering på Naustdal Stadion .

Turneringsstart vil vere kl. 0930

Det er mogeleg å melde på lag i fylgjande klassar:

Gutar 6 år - - -Jenter 6 år
Gutar 7 år - - -Jenter 7 år
Gutar 8 år - - -Jenter 8 år
Gutar 9 år - - -Jenter 9 år
Gutar 10 år - - Jenter 10 år


Vi oppfordrar om at klubbane melder på med reine jente/gutelag. Om de er for få spelarar, kan det avtalast å spele med færre spelarar på bana. Ved blanding av to årsklassar (eks. J 6/7 år) , bør laget meldast på i høgste årsklasse.

Påmelding via mail til: frank.cirotzki@enivest.net

Påmeldingsfrist 05.05 - Turneringsoppsettet vil bli lagt ut seinast 09.05

NB: Vi ønskjer at klubbane sender ei felles påmelding av laga og ber om å få opplyst antal spelarar på kvart lag, slik at det blir nok premiar til alle deltakarar.

Kampane spelast i 13 min – 6 baner - Klubbdommarar leiar kampane.
Parkering vil bli i nedre del av NBU skule og i sentrum ved Kommunehuset og Coop.

Klubben set fokus på Fair Play og sunne produkter i kiosken.

Vi ønskjer at Fair Play skal vere gjennomgåande i Kongleriket Miniputt-turneringa. Fair Play helsing vil vere obligatorisk i alle kampar, og vi håpar alle vaksne som er tilstades opptrer som gode rollemodellar for miniputtane våre.

Vi oppmodar alle om å køyre forsvarleg og sikkert til turneringa, og ønskjer alle klubbane velkomne til ein flott miniputt-søndag!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse