Tambargutar på Akademisamling

Fire gutar frå Tambar Fotball var lørdag samla til Fotballkretsen sitt nyoppretta spelarutviklingstiltak. Samlinga var på Førde-fotballen sitt nye anlegg på Hafstad, der gutane hadde ei god treningsøkt ilag.

Marius Storevik, Elias Rognebakke og Markus Hjelle Cirotzki var representert frå Tambar Fotball i klasse G99. På samlinga litt seinare på dagen, var Dan Joar Vårdal Høiås utteken i klasse G98.

Etter treningane i dag, vert det teke ut ein tropp som skal møte Akademilag i Nordfjord og Sogn.

Allerede komande lørdag dreg Akademilaget G99 til Måløy og møter Akademilaget til Tornado Måløy.

På bildet til høgre ser vi G99-spelarane på dagens trening. Til venstre ( i raudt) Elias Rognebakke, til høgre ( i svart) Marius Storevik og Markus Hjelle Cirotzki (i gult).

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse