Fire spelarar frå Tambar Fotball utteken til Akademiserien 2013

Bilde: Iris Aase.

Fire spelarar frå Tambar Fotball er utteken til Akademiserien. Akademiserien er eit nytt spelarutviklingstiltak i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Klipt frå websida til SFFK:
"SFFK sin spelarutviklingskomite gjorde i løpet av 2012 ei grundig evaluering av kretsen sin spelarutviklingsmodell, og la i oktober 2012 fram for kretsstyret eit forslag til ein modell som tilfører dei mest motiverte spelarane eit forsterka kamptilbod. Kretsstyret gav si tilslutning til modellen.

I etterkant av kretsstyrevedtaket har SFFK gjennom dialog med dei berørte klubbmiljøa komme fram til at serien må gjennomførast som ei forlenging av klubbane sine eksisterande akademimodellar. Dette er også årsaka til at serien vil få namnet «Akademiserien».

I Akademiforum 26. januar 2013 blei driftingsklubbane og SFFK einige om dei siste justeringane for gjennomføringa av seriane, og me er derfor svært stolte over å kunne bekjentgjere Akademiserien for alle klubbane i SFFK.

I 2013 vil våre beste og mest motiverte unge spelarar få tilbod om ein ny og forsterka kamparena: Akademiserien. I Akademiserien vil det bli spelt kampar i mest mogeleg reine årsklassar, og spelarane vil få tilgang på matching og referansar som vil styrkie spelarutviklinga i fylket vårt."

Spelarane frå Tambar Fotball er Iris Aase, Marius Storevik, Elias Rognebakke og Markus Hjelle Cirotzki.

Gutane (G99) har samling i Førde allerede lørdag 20.april kl.11.00, på Hafstadparken.

Jentene (J97-98-99) har første trening i Hafstadparken søndag 5.mai kl.18.00.

Vi gratulerer spelarane og ynskjer dei lukke til !!

Meir info om Akademiserien: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Spelarutvikling/Akademiserien/Akademiserien-2013/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse